Helle Helle: Rødby
Puttgarten. Enkelt om det enkle, som eigentleg er det viktige
og store. Om to søstre som jobbar i parfymeriet på
danskebåten, om mennene som kjem og blir borte igjen.
Naboane som dør, og livet som går stille forbi.
Ruth
Maiers dagbok. (red. Jan Erik Vold). Ruth Maier vart 22
år, og levde dei siste fire åra i Norge før
ho vart sendt til Auschwitz i 1942, Ruth Maier var begava og
dagboka er strålande skrive, men ho hadde også eit
følsomt sinn, og var ei usikker sjel. Det er sterkt å
lese ei dagbok ein veit enden på, likevel er det mykje
fint over det korte livet til Ruth Maier, ikkje minst forholdet
til Gunvor Hofmo.
Joyce Carol Oates: Blonde.
Ein tjukk roman basert på livet til Marilyn Monroe. 700
sider om det fantastiske og tragiske livet hennar, om kjærleik
og einsemd, berømmelse og destruksjon. Oates har prøvd
å vise Monroes usikkerhet og kjærleikslengsel, hennar
enorme tiltrekningskraft, men også heve bildet av Monroe
som ei tenkande og intellektuelt søkande kvinne.
Marguerite Duras: Demning
mot stillehavet. Den mest tilgjengelege romanen eg har lese
av Duras. Ei forteljing om havet, døden og kjærleiken,
nesten kynisk, men desto meir gripande om demningane som alltid
brest, (vi er i Indokina), og om å overleve når
ein har mindre enn det ein treng for å leve.
Alice Munro: Rømlingen.
For eit års tid sidan las eg alt eg kom over av Alice
Munro. Det var litt som å vere forelska. Rømlingen
er nok favoritten, ikkje minst er det fint at ho skildrar same
person i ulike noveller, og på ulikt stadie i livsløpet.